Walkabout – ny rute i Diederveggen, og info til nyrute mekkarar

7.7.18 fullførte eg og Kjetil M S ruta Walkabout, nat, 100m, 7-/A0 i Diederveggen i Molladalen. Eg hadda klatra 1.tl på topptau og leda 2. og halve 3.tl tidlegare med solosikring. Laurdag gjekk vi heile ruta nedanfrå med nokre A0 flytt i 3. og 4.tl. Med litt meir rensing og nokre få fjellboltar er dette flash- / redpoint terreng.

Diedereveggen

Frå venstre Haikeren, Peregrino og Walkabout. Foto K Sørensen

Biletet viser hovudbaugen i Diederveggen. Etter å ha studert fleire bilete i årevis og vore oppider 8 gongar i juni og juli, er eg rimeleg sikker på at der ikkje er fleire liner til høgre som går igjennom heile veggen. Det er mulig å kome seg opp til 2.stand i Walkabout frå meir brote og skivete terreng i høgrekant av bilete (og lenger til høgre), men dette vert klatring av ringare kvalitet. Frå 1.stand Walkabout er der fleire overlappar og dieder av verdsklasse, men heile partiet opp til høgde med 3.stand Walkaout er bratt og kompakt.

Eg for min del har no gjort dei 2 linene eg meinte var iaugnefallande, men skal reinske litt meir i både Peregrino og Walkabout og sjekke ut partiet mellom dei i midtpartiet. Så – spesielt interesserte skal få all ny informasjon.

Kvar finn ein så meir jomfrueleg terreng for lenger nyruter?

Langs- og like thf rapellruta på Kruttårnet er der ein bratt vegg (30m) og eit bratt svaparti. Om du ikkje er komfortabel med amerikans granitt trad (handbora bb på led), er ikkje dette staden for deg (*).

Tvf 2.tl Dosethruta er der ei skive / pillar som går opp til eit langt diagonalt høgredrag mot formasjonar like tvf Dosethrisset. Ørstingar var opp til skivetoppen på ’80-talet.

Like thf Musikalius er der ein diagonal strek gjennom svaplata. Eg klatra øvre 2/3 av dette tidleg ’80-tal ved å pendle inn frå høgre. Med ein bb (amtrad) opp til streken (som har lommer og etter kvart vert eit riss) er ein i gong. Det er fleire vegar igjennom brattveggen som fører opp til ein heil, liten vegg (2 tl)  i søkket mellom nord- og hovudtoppen på Randers.

Tvf skaret på nordsida av Molladalstårnet (mot Austlege Jønshorn), ligg der ein bastion der rutene Black Adder og Chain & Ball toppar ut. På vestsida (mot dalen) er der fleire bratte formasjonar som kan gi 1 – 2tl ruter.

Der er eit parti mellom Supernova (like th for Superpillaren) og Supergran som fører opp til 1.stand Supergran. Kjetil seier vi topptaua dette for mange år sidan. Frå denne er der tynne riss rett opp til rampen under brattdelen av Superveggen. Like tvf Prinsen og Prinsessen er der ledige riss og dieder.

Oppi venstresidene av rennene frå Raudetårnet og Blåtårnet er der veggar og svaparti som er lite utforska. Eg veit berre om rutene Gyllum og Søregga til Jønshorn i dette området.

(*) «Ikkje gjer som eg gjer, men som eg seier». Neida – eg har ikkje alltid brukt amtrad-stil i Molladalen, men trur >= 50% av bb’ar deroppe er satt amtrad eller satt  seinare etter farleg nat-klatring.

 

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.