Vinnar av bildekonkurransen


Vinnar av «Beste bilde» i nettkonkurransen vår blei er Stig J. Helset

På bildet ser vi Åsmund Vaage, Jon Hjorthaug å Stig på Toppen av Mont Blanc (4808moh) 17. august. 2013.

Vi gratulerer Stig Helset med Merolius hangboard + ei flaske flytekalk frå Black Diamond.

————-
25 deltakarar var med i vår bildekonkurranse denne gongen.
Bilder fra inn og utland vart sendt inn, både frå buldre-og klatreturar.

Kjekt og sjå alle bidrag som kom inn. Dei er det forøvreg mulig og sjå i ein slideshow video som du kan finne ved og klikke herhttps://www.facebook.com/1406312919660231/posts/2411447602480086/?vh=e&d=n.

Så har vi også trekt tilfeldige vinnarar av eit hangboard og ein klatrehjelm.

Alle som deltok vart lista opp med nummerering, så vart det brukt ein «random number generator» app til og finne vinnarane.

Første tal som dukka opp var 10 og der var det Geir Blaalid som var inne og sikra seg 2. premien. Hangboard frå Sport 1 Ørsta AS. Vi gratulerer!

På trekning nr. 2 kom talet 15 opp og der sto det Morten Fonseca. Han vinn ein Black Diamond klatrehjelm frå Sport 1 Ørsta. Gratulerer!

Då gjenstår det berre og takke for alle bidrag og så få de ha ei riktig så fin helg!

Salut!



Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *