Frå og med i morgon torsdag 20.08. opnar vi igjen for drop-in i Ørstahallen!

Alle som vil prøve å klatre kan prøve hjå oss i opningstida.
Pris: vaksne 100,-
barn: 80,-
utstyr: 30,-
Drop-in dagane er tysdagar & torsdagar kl 17-21.
Vi må be alle som besøker hallen om å hjelpe oss med å oppretthalde gode smittevernsrutiner.
Dette inneber:
- Maks 62 personer i hallen, men mindre dersom det ikkje er muleg å halde 1m avstand med så mange besøkande.
- Ikkje møt dersom du er sjuk!
- ALLE må registrere seg i boka med namn, tid for ankomst og avreise.
- Handhygiene før/under/etter besøk i klatrehallen. Spesielt mellom klatreruter, vegg/buldrehole osv.
- Hald 1 meters avstand til andre
- Personar i nærrelasjon er unnateke 1-metersregelen.
- Les dokumentet «Rettleiing for smittevern», dette vert hengt opp fleire stadar i hallen. I tillegg vert det lagt ved dette innlegget som pdf.
- Betal helst med vipps
Obs! Eventuelle endringar i smitteforekomsten i landet kan føre til endringar i klatrehallen. Vi held dykk informert!
Vi gler oss til å sjå dykk! Vi vonar at alle held seg friske! 🙂