Vellukka buldrebord med rekorddeltakelse

Laurdag 8. desember var det duka for nok eit buldrebord i klatresiloen.
29 bulder var skrudd opp med stor variasjon både i flytt og vanskeligheitsgrad.
Den store twisten i år samanlikna med tidlegare år er at me valde å flytte denne konkurransen frå fredagskveld til laurdag på dagtid.
Opplegget var enkelt. Oppmøte klokka 14 og buldrestart kort tid etter.
Med godt oppmøte og mange problem å bryne seg på varte sjølve buldringa nesten til klokka fem.

Etter at poenga var lagt saman var det i herreklassen Halfdan Strømgren som stakk av med sigeren, Fred Ingar Somby på andre og på tredjeplass Tommy Skeide.

I dameklassen var det Gunnhild Bjørngaard på første, Sunniva Skuset med solid andreplass og Eira Midtgaard på tredjeplass.

Premiane var som fylgjer;

  1. plass. Haudelykt frå Petzl. 150 lumen. + sportsteip.
  2. plass. Kalkpose fra Arx’teryx + Mammut Chalk.
  3. plass. Kalk fra Metolius og Lapis børste.

Vi hadde også ei juniorklasse der Isak Aarsæther (14) som einaste deltaker vann førstepremien; 2 stk. Skrukarrabin frå Black Diamond + Lapis børste. Gratulerer!

Avslutningsvis tok vi loddtrekning der vi delte ut kalk og sportsteip til heldige vinnarar. Eirik Vaage, Trygve Hamre og Are Reed.

Sunniva Skutset stakk også av med beste måte å løyse eit bulder på og stakk dermed av med dagens siste premie. 250g kalk frå Metolius.

Etter konkurransen var alle inviterte til afterparty med heimelaga graut hjå Kirsi i Haslevegen.
Den som ikkje var tilstede her gikk glipp av årets klubbfest – mykje folk og god stemning, til langt på natt!

Takk til alle som møtte opp på det siste buldrebordet i siloens historie, å takk til Kirsi som åpna hus å heim til fest å moro!

Vi sjåast i Ørsta på nyåret med nye konkurranser og arrangement.
…En ny era er på veg…

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

4 svar til Vellukka buldrebord med rekorddeltakelse

  1. Lars Otto Lofthus Ose seier:

    Har høyrt at Wiikern har dreve dugnadsarbeid i fjøra med påskudd om å fjerne nokre betongveggar. Men i realiteten har han skrudd opp eigen treningsvegg. Han vart observert med stinne underarmar og kalk etter ei sokalla «arbeidsøkt». Skal han stille til Norgescup i buldring i februar?

  2. Lars Otto Lofthus Ose seier:

    Kan nokon kommentere om Strømgren har smugtrent? Har han bygd treningsrom nede i fjørå? Har bicepsen blitt større? Kva er hemmeligheita?

  3. Lars Otto Lofthus Ose seier:

    Kan nokon kommentere om Strømgren har smugtrent? Har han bygd eit eige treningsrom i fjørå? Har han starta eit treningsregime?

  4. Lars Lofthus seier:

    Kan nokon kommentere om dei har sett Strømgren smugtrene i haust? Har han laga eige treningsrom nede i fjørå? Har bicepsen blitt større?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *