6.3.17 Sjekka karabinar i snufeste i går. Nedrefeltet har ein 40Kn stålkarabin med litt rust på snappar – heilt OK. I Toskefloget har vi brukt stålkarabinar (25Kn) med alusnappar. Nokre snapparar har oksydert og vorte vanskeleg å opne; desse er bytta med stålkarabinar med wire-snappar og/eller nye skrukarabinar av stål. Band- og tauslynger på snufester er/vert bytta ut med kjettingar. (3.3.17) Ny runde med høveleg veir for uteklatring. Ny rute i TF : Fjøsvegen, 7-, Tore og Marthe thf Vanleg veg. Ny 2.tl på Imellom, 6+. Denne kan klatrast frå toppen av Lommerosk og Julenøtter også. (1.2.17) Sidan dei siste 10 dagar har vore tørre og milde, er det gode forhold for utklatring no. Både Toskefloget/Ramnevaglen og Nedrefeltet er vitja. I TF er ei ny rute; Stjernesludd 2tl, 6-, 6 heilt til høgre. Mellom denne og Nøtteblanding vert Stjerneskudd etablert. Her er 2.tl ferdig, men 1.tl er tenkt som prosjekt for dei som vil lære å lage bb-ruter. Ta kontakt 95436980. Foto Øystein D.