Siste først: ca 15 frammøtte på SKK Molladalssamling i helga! Bål og røl på laurdagskvelden og klatring både her og der på søndag.
Til vitande : ruta Gullklokka har 3 handbora bb i 2.tl; den øverste at desse har ein skade (muligens etter eit langt fall). Eg kjem til å fjerne denne og flytte 2.bb litt høgre opp ved høve (’17). Vidare verkar det vere semje om at 3.tl med 1 bb i cruxet er litt velå modig; ein ekstra bb kjem ved høve.
I Norangdalen har det kome nokre få nye ruter i ’16: Midtsida th for Yttersida og Tiltaket th Jomfrudom/Overtaket. Fleire ruter er noko justert mht bb’ar for å gjere dei meir konsistente og mindre modige; dette gjeld Yttersida, Palmehaven, Slapt dieder og Sidetaket. Tommi har sett opp eige snufeste på Ras Putin.
I Nye øvrefeltet har Marthe og Tommi gjort ein kjempejobb med å pusse fram, rydde og etablere bb-sikra ruter – honnør til dei! Detaljar kjem i klatreføraren for felta i Volda og Ørsta som går i trykken i desse dagar.
I Toskefloget er også fleite ruter noko justert mht bb’ar for å gjere dei meir konsistente og mindre modige; dette gjeld Toskeskap (1.tl), Munin, Julenøtter, Påskenøtter (ny 2.tl) og Nøttemiks. Der er 2 nye ruter: Kryss startar mellom Kanten og Påskenøtter, kryssar Kanten og avsluttar mellom denne og Julenøtter, og Nestor, Nestor (2tl, 7, 6+/7-) like til høgre for Herrepartiet. Vidare har vi sett at høgrekanten av feltet har potensial for fleire og lettare ruter. Om nokon vil vere med å rydde, finne ruter og sette bb’ar, er det berre å melde seg, ja!