Smittevern i klatrehallen

Sidan covid19 har begynt å blomstre opp igjen i nærområdet, vil vi minne medlemmar om at alle må bidra til å oppretthalde godt smittevern i klatrehallen.

Vi ønsker at alle skal halde seg friske, og at vi kan halde fram med å halde hallen open for medlemmane vora.

Det er mange som møter opp til drop in klatring, dette er sjølvsagt utruleg kjekt, men vi må halde oss til smittevernsreglane.

Dette inneber: 

  • Maks 62 personer i hallen, men mindre dersom det ikkje er muleg å halde 1m avstand med så mange besøkande.
  • Ta med minst mogleg antal personar, dersom de har familiemedlemmar som ikkje skal klatre/sikre, ber vi om at desse ikkje kjem til klatrehallen dersom det er mogleg.
  • Ikkje møt dersom du er sjuk!
  • ALLE må registrere seg i boka med namn, tid for ankomst og avreise. Også dei som ikkje klatrar/sikrar
  • Handhygiene før/under/etter besøk i klatrehallen. Spesielt mellom klatreruter, vegg/buldrehole osv. 
  • Hald 1 meters avstand til andre
  • Personar i nærrelasjon er unnateke 1-metersregelen. 
  • Les dokumentet «Rettleiing for smittevern», dette vert hengt opp fleire stadar i hallen. I tillegg vert det lagt ved dette innlegget som pdf. 
  • Betal helst med vipps 
  • Vi ber medlemmar hjelpe oss å utføre dagleg vask av klatrehallen, skjema med instruks står ved inngangen.


Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *