SKK´s første æresmedlem.

Fotograf: Sindre Dimmen.

Under årets lysbildesamling på Standalshytta delte styret i Sunnmørsk Klatreklubb ut den første æresprisen sidan klubben vart stifta i 1974. Når det gjeld ildsjeler i klubbens historie er det ein person som stikk seg spesielt ut, nemleg Tore Lundberg. Tore har sida klubben blei stifta hatt eit engasjement for utvikling og etablering av nye ruter og klatrefelt. Om du har lest i klatreføraren for Ørsta/Volda har du kanskje lagt merke til navnet Tore Lundberg som står oppført som førstebestigar på dei fleste rutene som er i området. Og for Molladalen der Tore  med andre har stått på og etablert nye ruter jevnlig til den dag i dag. Tore har også vist engasjement for rekruttering og vore mentor for monge innan klatresporten. Det er monge klatrarar i dag som klatra sine første ruter i dei omliggande klatrefelta eller i Molladalen sammen med Tore. Men det er ikkje berre på Sunnmøre og Norge Tore har hatt interesse for å klatre. Han har reist verden over og klatra på fleire kjente og ukjente klatredestinasjonar, gjerne i selskap med ivrige medlemmar fra klubben.

Prisen blei delt ut av Kjetil Solbakken på vegne av SKK, som sjølv har klatra monge år sammen med Tore. Sjølve prisen var ein statuett som var inspirert av «bladet», laga av Ingeborg Rørvik Lejon

Tore Lundberg med prisen. Og prisutdelar Kjetil Solbakken i bakgrunnen.Fotograf: Sindre Dimmen.
Videoopptak av prisutdeling. Fotograf: Fred Somby.
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Eitt svar til SKK´s første æresmedlem.

  1. Anders Lunberg seier:

    Takk til alle for ei super lysbildesamling, veldig kjekt at gamlingen vart gjort stas på.

    Det må også seiast at det var mange gode lysbildeframvisningar, eg vil trekke fram Trygve sine bilder frå turar i sommar som eit høgdepunkt. Fine bilder, turglede og inspirerande for mange, uansett nivå. Meir av dette!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *