SKK søkar vaktar!

SKK har behov for fleire faste vaktar i Ørstahallen i drop-in tidene vora.

Hallen er enno ikkje open for drop-in, men vi vonar å kunne gi dykk meir info om dette snart.

Vi treng helst faste vaktar som kan stille 2 timar kvar veke, enten tirsdag eller torsdag, frå 17-19 eller 19-21. Per no er det størst behov for faste vaktar torsdagar 17-19.

Dersom ein ikkje kan stille som fast vakt, kan ein vere ekstravakt. Ta kontakt for meir info.

Krav til vakter:

  • Må ha brattkort.
  • Må kunne framvise politiattest (vi pliktar å innhente politiattest for personer som skal utføre oppgåver som innebær eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige)

Ein får ikkje betalt, men ein får rabatt i treningsavgifta i klatrehallen.

Er du interessert? Eller har du fleire spørsmål? Ta kontakt med oss på facebook eller send mail til kontakt@gammel.sunnmorsk-klatreklubb.no/

Vaktansvarlig: Ajla Deric.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *