På hell

Hausten har vist sin ankomst dei siste vekene, vinden susar i fjella, regnet fyller opp dei små og store bekkane og sola har ikkje vist seg på ei stund.

Forrige helg var det eigentleg duka for tredje Hesteskohelvete, men regnet pøsa ned, og i ein kombinasjon med at Tommy Skeide hadde bokslepp av den nye føraren for Molladalen – »Sunnmøre – Frå Tindar til Kampesteinar» vart det vedteke å utsette årets Hesteskohelvete.

Veret skaper mykje utfordringar for ein klubb som i stor grad held på ute, det var også årets Molladalssamling eit godt døme på. 

Så den som er ivrig no må berre smøre seg med tolmod, og støte når moglegheitene byd seg.

Hesteskohelvete vert utsett til våren 2019, og utesesongen heng no i eit tynt halvtau.

Men, om moglegheitene er til stades i vekene som kjem, tek vi ein spontantur til eit av dei nærliggande klatrefelta, Mulevika, Hide, Kirkesteinen, Nye Øvste eller liknande.

Følg med, kanskje blir det ein tur til Olaselet også.

Tid og vær vil vise!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *