Om å skrue ruter i Silo

Siloen til SKK på Røysgarden er bygd og driven på dugnad. Den har berre eit formål: å vere til glede for dei som er der for å klatre. Dei som vitjar den er like ulike som folket ellers, men ein ting bind dei saman: lyst til å klatre!

Derfor er det viktig å bruke dei få kvadratmeter (ca 200) med veggplater med vit og forstand; utvalet av ruter må vere vidt og breitt! Alle som betalar for å klatre der må kunne oppleve å kome seg eit stykke opp i veggen og – om dei kjem att fleire gonga – få oppleve glede ved å kome seg heilt opp og verte ein betre klatrar.

For å gjere dette mulig er det laga svært tydlege retningsliner for disponering av veggflata, når og korleis ein kan lage ruter og kven ein skal snakke med på FØREHAND.  Sindre Dimmen er sjef for Siloen og han skal du snakke med FØR du endrar på noke. Reglar og retningsliner er slått opp i Siloen – dei må du også lese FØR du snakkar med Sindre.

Så – å skrue i Siloen er ingen menneskerett, men har du lyst til å skrue vert det verdsett. Du må berre rette deg etter gjeldande norm til beste for fellesskapet.

 

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.