Eg har laga ein god del nye ruter her etter Tommy-føraren kom ut. Dei er dokumenterte i nett-verktøyet til Tommy og han let oss legge ut screenshots derifrå. Takk til Tommy!

‘På sida’ og ‘Tyren’ FFB 2.5.20’. ‘Kort’ og ‘Lang’ FFB 27.4.20. «Varm november’ (medium cam 3.tl), ‘Kald oktober’ FFB mars ‘19. ‘Hidsneset’ FB mars ‘19. ‘Villsau’ og ‘Bonden’ FFB april ‘19. ‘Svinøy fyr’ ligg thf pillaren thf biletet; 6+, 25m, FFB april ‘19. Takk til Bjørn Bergsvik, Øystein Dahl, Henning Langeland, Tobias Hatløy og Jonas Østrem som har vore med på FB og FFB.

PS1 Gjøneset har no 3 ferdige ruter; ‘Venstre’ (5-), ‘Midt på’ (6-) og ’Høgre’ (6+) – FFB ToreL. Potensiale for ca 10 ruter til; mest lette (<=5), men nokre middels (>5) og harde (>6) også. Dette er ein framifrå plass for nye mekkarar – ta kontakt. Ein går opp frå sydsida langs gamle telestolpar.

PS2 På veg til Gjøneset går ein under Gjømannen; den store, lyse hammaren opp i fjellsida. Enklaste veg opp er å gå thf stolpen og opp den grøne bakken til eit sva med fast tau. Så er det å baske seg opp bratt gras mot venstre. Stort potensiale, men strevsom anmarsj. https://gammel.sunnmorsk-klatreklubb.no//ymse/nytt-fra-ytre/

PS3 Haukelandsnibba innom Syvdsneset har ein 250m loddrett vestvegg. Fargen på fjellet og telefoto verkar svært lovande. Introveggen (2 tl) kan gå med naturleg sikring, men vidare (3-4 tl) vert mix. Vert jobb frå midten av mai – ta kontakt.

PS4 På Kopphammaren i Norangdal er der nokre snufester og bb med kjettingforlengar som må renoverast. Trur det er lurt å kome i gong før knotten kjem i juli. Tommi Rati koordinerer her.

PS5 Jakta har ein imponerande vegg mot nordvest. Leif Roar Strand viser den i all sin velde på ‘rundskuer.no’. Ein sjeldan gong på seinsommar er der mulige forhold. Frå toppen av Slogen ser ein veggen i profil. Vegghøgde kan vere 5-600m. Frå biletet ser eg 2 liner; nordvestryggen (blå strek) og norvestveggen (raud). Eg har ingen konkrete planar for veggen, men ein tur opp for å vurdere kan det verte.

Gjerne med på Haukalandsnipa å Jakta.
Sidan det er høg aktivitet på Sunnmøre for tida kan eg legge til at Ørjan Grefstad og David Koch har pussa fram og klatra den nederste risslinja på nedstefeltet. Ser ut som stilig rissklatring og vanskeligheitsgrada skulle vere omlag 8-. Dei fant eit gammalt anker på toppen av ruta, nokon som veit kven som har plassert dette?
Ellers, godt jobba Tore.