Vi samlast nok ein gong på Standalshytta for å snakke, vise bilder, og sjå attende på klatreåret 2018. Legge planar for det nye året, ete god mat og elles skape godt samhald mellom klatrevener på tvers av klubbane. Med andre ord, her vert det folksamt, så meld deg på!
Middag vert servert kl. 18 og årets middagsrett er Bacalao.
Etter middagen starter lysbildefamsyninga. Som alltid er det ikkje berre mange som vil vise fram bilete, men også mange som vil sjå alle dei fine turane som folk har vore på, difor har me i år bestemt oss for at dei som kjem eins ærend for sjølve lysbildeframsyninga berre betaler kr 50. Dette kun for inngang, utan verken mat eller overnatting.
Ein liten prisauke vil de også legge merke til på overnatting. Den er auka med kr 50 og skuldast at leigeprisen på hytta har auka med kr 50 pr. person. Så det har ingenting med at vi prøver å tene pengar, men at vi prøver å ikkje gå i minus.
Prisar
Inngong; kr 50
Middag; kr 150
Overnatting; kr 300
Inngong + middag; kr 200
Overnatting + middag; kr 450
Påmelding
Skriv navn, telefonnr. samt spesifisert valg av opphald. Middag, ikkje middag, kun overnatting eller begge deler? Merk e-post med «Lysbildesamling» og send påmeldinga til
E-post; kontakt@gammel.sunnmorsk-klatreklubb.no/
Fint om de bestiller middag tidleg så me veit kor mykje mat som må lagast.
Skal du vise bilder, så gi oss beskjed ved å skrive dette i påmeldinga!
PS;
Husk at alle som skal vise bilder må ta hensyn til publikum og dei andre som kjem etter og skal ta over stafettpinnen.
Ikkje vis alle dei 634 bileta du tok medan du var på tur, og ikkje hal ut tida. Her er mykje som skal synast fram på relativt kort tid, så ikkje slit ut publikum før nestemann slepp til. Tenk på dette når de lagar presentasjon. Gode bilete er nøkkelen til suksess.
Betaling
Betaling skjer på Standalshytta når du kjem.
På Vipps i år har me lagt inn eit eige val for lysbildesamling i butikken når du søker opp Sunnmørsk klatreklubb. Der kan du gå inn og betale allereie no. Hugs å VISE FRAM KVITTERING når du kjem. Anbefalt å ordne dette før du kjem fram på hytta ettersom dekninga er dårlig på Standalseidet.
Om du ikkje vel denne metoden må du HUGSE Å TA MED KONTANTAR.
Alle må hugse dette, ellers vert det kalde timar på andre sida av vindauget.
Då gjenstår det berre å glede seg.
Velkomne skal de være!