Sunnmørsk Klatreklubb søkjer no etter driftskoordinator i 50% fast stilling.
Din viktigaste eigenskap er evna til å formidle klatreglede og bygge klubbmiljøet vidare. Du bryr deg om folk, og ønskjer å bidra til at andre får ei betre klatreoppleving. Du gir ekstra av deg sjølv for at andre skal nå sine mål. Du er motiverande og positiv. Alle skal ha lyst å klatre i «din» klatreklubb, fordi du klarar å utvikle eit miljø som har fokus på utvikling, trening og trivsel gjennom aktivitetar og initiativ som du er ansvarleg for.
Sunnmørsk Klatreklubb driftar to heilt moderne klatresenter; eitt i Ørsta og eitt i Volda med både tauklatring og buldring, både for medlemer og med publikumsope. I tillegg utviklar vi og vedlikeheld utandørs klatrefelt, klatreførarar og har utstrakt kursverksemd. Vi søkjer ein person som kan avlaste styret og andre frivillige med koordinering og administrering av klubben sin aktivitet.
Arbeidsoppgåver:
- Kommunikasjonsarbeid mot medlemer og publikum
- Utvikle klubben til beste for medlemene
- Delta i samarbeid mellom klatreklubbane på Nordvestlandet
- Planlegge, koordinere og gjennomføre klubben sinearrangement, kurs og møter
- Drift av klatrehallane i Ørsta og Volda
- Styrearbeid, budsjettansvar og driftsansvar
Ønska kvalifikasjonar:
- Kunnskap om klatring er ein fordel
- Noko økonomikunnskap
- Erfaring frå leiing og/eller leiingutdanna
- Erfaring frå service og/eller varehandel
- Erfaring frå drift av liknande senter
- Evne til å kommunisere på norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
Om arbeidsgjevaren:
Sunnmørsk Klatreklubb er ein av dei største klatreklubbane i landet med over 600 aktive medlemer med to moderne klatresenter og kanskje landets flottaste naturlege leikegrind i Sunnmørsalpane rundt oss.
SKK tek mål av seg å vere den beste klubben for alle typar klatrarar; både spiss og breidde, inne og ute, sport, trad eller buldring.
Søknad med CV sendast til pilskogv@gmail.com innan 31.12.20
Spørsmål kan rettast til nestleiar Veronica Pilskog tlf 454 64 610.