Klatring, ein sport for alle

Forrige laurdag vitja Magnus Midtbø, ein av Norges fremste konkurranseklatrarar gjennom tidene, Ørstahallen.

I den elles regntunge januarmånaden var det lite å seie på positiviteten til arrangørane i klatreklubben.
På arrangementet som var publisert på facebook på førehand var det over 300 interesserte, både frå lokale og folk utanfrå. Folk kom frå Sogndal, Gloppen, Eid, Ålesund og Ulsteinvik.

Klokka tolv var ordføraren i Ørsta Kommune, Stein Aam, på plass i klatrehallen. Saman med leiaren i klubben, Thomas Riis, proffklatrar Magnus Midtbø og konferansier Daniel Garden vart det avhaldet ein opningsseremoni, før Magnus og Stein Aam opna det nye treningsområdet på SpareBank1 Platået.

Opninga av treningsområdet. Foto: Trygve Hamre

Daniel Garden gjekk attende til mikrofonen etter opninga og orienterte publikum om programmet vidare.
Kl. 13.00 starta ein uhøgtideleg buldrekonkurranse der Magnus Midtbø var med og viste musklar på nokon av dei hardaste rutene. I buldrekonkurransen var det over 60 deltakarar i alle aldrar.

For dei som ikkje deltok på sjølve konkurransen var det open klatrecafè under arrangementet. Kaffi, kaker, pølse og brus var til stor begeistring for dei frammøtte (stor takk til dei som stod på der).

Det var ikkje berre kaker og kaffi folk ville ha, denne dagen. Barn og unge var også ute etter sjølvi med sjølvaste Midtbø himself ! Han måtte takle stort press frå ivrege fotografar denne dagen.
Mellom alle desse aktivitetane var Daniel Garden flink med mikrofonen og opplyste publikum om kva som føregjekk til ei kvar tid.
SpareBank1 Søre Sunnmøre var også på staden med eigen stand i samanheng med arrangementet.

Etter buldrekonkurransen var det Magnus sin tur til å vise fram ferdigheiter i klatreveggen. Campusflytt, lange fall og raske flytt fekk mange til og måpe – retteleg imponerande!

Publikum benka seg forran klatreveggen når Magnus brillierte i hovudveggen.
Foto: Tove Halse Digernes

Vinnarar av buldrekonkurransen

Barn < 12 år
1. plass Sondre Vatne Haram, SKK
2. plass Håkon Kipperberg
3. plass Ingvild Kleinrath, SKK

Junior > 13 år
1. plass Sindre Sollid, Gloppen
2. plass Iver Aarflot Jønnson, SKK
3. plass Oliver Svedjan, SKK

Herrer
1. plass Arne Farestveit, Sogndal
2. plass Torbjørn Ruud Hagen, Eid
3. plass Thomas Riis, SKK

Damer
1. plass Silje Selseng, SKK
2. plass Lillian Auflem Øye, SKK

Premiane var som fylgjer.
1. plass kr 1000 frå SpareBank1
2. plass kr 500 frå SpareBank1
3. plass klatremerch frå Sport1 Ørsta.
Takk til våre sponsorar og gratulerer til våre vinnarar!

Ungdomsgruppa SKK med trenar Øystein Dahl og inspirator Magnus Midtbø.
Foto: Daniel Garden

Tilsaman var det over 350 personar som møtte opp til arrangementet i Ørstahallen denne dagen. Vi vil rette ei stor takk til ordføraren, tilreisande og lokale innbyggjarar.
Stor takk også til arrangørane som stod på og gjorde sitt beste for at alt skulle gå bra! Ekstra takk til Magnus Midtbø som kom til oss i Ørsta for å spreie klatreglede og inspirasjon til klatrarane på Møre!

Neste arrangement kjem allereie neste helg, då klubben arrangerer sitt årlege lysbildeshow på Standalhytta med middag og overnatting.
Velkomne dit.
Andre helga i februar dreg SKK på isklatringssamling til Oppdal for fyrste gong i klubben si historie. Der slår vi eit slag for isklatrarane i klubben. SKK har booka 2 hytter på Granmo Camping.

Om du ynskjer å vere med på desse turane, send melding til Øystein Dahl
(arrangementsransvarlig) eller sjekk ut våre arrangement på facebooksidene våre «Klatrehallen i Ørsta» eller «Sunnmørsk Klatreklubb»

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *