
Andre helga i februar 2020 legg klubben for fyste gong opp til isklatresamling i Oppdal for sine medlemmar. Dette skjer parallelt med «Oppdal Ice Climbing Festival 2020» der det mellom vert halde spanande foredrag laurdag kveld.
Klubben har bestilt to hytte på Granmo Camping med 6 og 8 sengeplassar fredag til søndag. Send melding til Øystein Dahl for plass reservasjon. Om det vert mange påmelde kan vi bestille fleire hytter, men ein bør vere tidleg ute med og bestemme seg, då det er mange som har tenkt seg til Oppdal for og stå på ski eller klatre denne helga.
Om du kan tenke deg og vere med og ikkje har lyst til og klatre is har Oppdal eit stort skianlegg som kan nyttast for den som måtte ynskje det. Heiskort betalar de for sjølv.
For dei som skal klatre is har Oppdal ein kjempegod Isklatreførar som gir deg komplett oversikt over isklatring i og rundt Oppdal. Her er det mykje gode alternativ i alle vanskeligheitsgrader. Denne får du kjøpt på nett og hjå VPG på Oppdal under festivalhelga.
Meld deg på no, vi gler oss!
Isklatreførar kan du få kjøpt her