Informasjon om nye retningslinjer for smittevern

Etter regjeringa har endra smittevernreglane, vil dette føre til nokre endringar for aktiviteten i hallane til SKK.

ORGANISERT TRENING (GRUPPER)
All organisert aktivitet, herunder ungdomsgruppetrening, kurs o.l., er utsett til etter 18. januar.
Styret kjem med nærare informasjon om oppstart til dei det gjeld

KURS
Alle kurs er utsett til etter 18. januar. Nye datoar vil verte sett og deltakarane informert via e-post.

MEDLEMSKLATRING
Medlemsklatring held fram som før, men med ekstra fokus på gjeldande smittevern. Hugs å booke tid!
https://sunnmrskklatreklubb.makeplans.no/?fbclid=IwAR1FqeYwgTz_lCMvOep01cmOqARMB9bQtjcEZTSaE6IyXJH0-zAcYazEgwQ

DROP-IN

Endring klokka 18.11 den 04.01.20: Vi held stengt for drop in fram til 18 januar. Vi tek ei ny vurdering når datoen nærmar seg, og legg ut informasjon om dette!

Det er framleis drop-in frå og med tysdag 5. januar i Ørstahallen.
– alle må booke tid (sjå eiga lenke)
– framleis uendra maks-antal i hallen
– vakter vil passe på smittevernet
– vaktene sikrar ikkje gjestane

ADGANG ØRSTAHALLEN
Det er pt kun SKK som nyttar Ørstahallen, noko som gjer at vi har eit særskilt ansvar for at kun brukarar av klatrehallen kjem inn ytterdøra. Alle syter for seg sjølve. Ikkje slepp inn nokon, og ha respekt for at andre ikkje slepp deg inn.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *