Eat sleep climb repeat

Høge temperaturar og gode meldingar er eit godt utgangspunkt når klubben legg ut på tur.

Ettersom juli er ein månad der monge er ute og reiser eller har reisande på besøk var det mange av medlemmane som prioriterte annleis denne helga, men tross fråvær frå monge aktive klatrarar i klubben var der nærare 15 personar på samlinga. Laurdagen var der faktisk eit kvinnelig fleirtal på craget (applaus). Enkelte kom også etter jobb laurdag og klatra på kvelden.

Vi samla oss med telt og bilar nede ved Stavbergvatnet etter klatringa. Der sosialiserte me, laga mat og snakka ut i nattetimane.
Fem telt vart slått opp ved vasskanten medan resten av foket sov i bilen, dirtbag style.

Trass mykje regn søndags morgon kom sola fort fram og blå himmel farga dagen på craget.

Nærare ti klatrarar heldt ut på lette og tunge ruter til rundt klokka fem på ettermiddagen, og stemninga stod til toppen av veggen heile dagen.

Vegen heim gjekk via Leknes der enkelte hoppa i sjøen frå fergekaia, det var svalt og fint i fjorden.

Takk til alle som møtte på samlinga denne helga, det var veldig kjekt!!

Neste samling vert siste helga i august, då tek vi turen til Molladalen!

Inntil vidare; eat, sleep, climb repeat!

 

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *