Buldrebord 05-12 desember!

Sunnmørsk klatreklubb arrangerar buldrebord 05 – 12 desember!

Grunna Covid19 vert årets buldrebord spreidd utover fleire dagar. Dette er for å unngå å samle for mykje folk på samtidig, og slik får fleire sjansen til å vere med!

BULDREBORD:

Stad: Klatrehallen i Ørsta

Bruk ei veke til å klatre saman med dine venner, målet er å samle so mange poeng som mogleg. Ein fyller inn poeng ved hjelp av eit google docs dokument, link til dette kjem når buldrebordet startar.

Reglar:

  • Flash = 3 poeng
  • 2 forsøk = 2 poeng
  • 3 forsøk eller meir = 1 poeng
  • Tauruter må gåast på led.
  • Begge hender på topptak, dette gjeld både tauruter og bulder.

Det vert 3 ulike klasser:

  • Dame
  • Herre
  • Junior

Buldrebordet avsluttast med premieutdeling laurdag 12.desember!

Under buldrebordet gjeld smittevernsreglane vi har fastsatt for klatrehallen. Dei viktigaste punkta er:

  • Hald 1 meters avstand til andre
  • Utfør hyppig handvask/handdesinfeskjon
  • Ikkje møt til klatring dersom du har symptom på forkjølelse eller har vore i nærkontakt med nokon med mistenkt/påvist covid19.
  • Alle medlemmar skal gjere seg kjent med gjeldande smittevernsreglar, dersom det er for mange til stades i hallen samtidig, må ein vente til det vert ledig plass.


Lykke til!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *