Brattkortkurs februar og mars

SKK arrangerer kurs for nye klatrar som ønskjer å ta brattkortet. Vi held eitt kurs i februar og eitt i mars.

Kursdatoar:

  • 08 og 10 februar klokka 16.30-22.30 (Instruktørar: Sindre Dimmen og Martine Olsen)
  • 02. og 04. mars. klokka 16.30 – 22.30. (Instruktørar Jørn Håskjold og Ida Johanne Ringdal Johnsen)

Brattkortet er eit kurs i sikker sikring og klatring, og er påkrevd «sertifikat» for å sikre nokon innandørs.Kurset varar i 12 timar (2 dagar à 6t). I tillegg får du 2t oppfølging med instruktør i forkant av sjølve brattkortprøva.


PÅMELDING:
Send mail til kontakt@gammel.sunnmorsk-klatreklubb.no/ med «Påmelding – Brattkortkurs» i emnefeltet og fortell kva dato du vil gå kurs, samt namn, telefonnr og fødselsdato.

Gåvekort? Skriv det i mailen!

12 plassar.

Kurset kostar 1.500,- som betalast via Vipps eller kontant første kursdag.

Kursstad: Klatrehallen i Ørsta.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *