Vi får ein del spørsmål om autobelay, og vil derfor forklare kvifor det ikkje er så enkelt som ein skulle ønske å sette dette opp:
For dei aller fleste er hallen kun tilgjengeleg med nøkkelkort, vi har derimot hatt tilfeller med uvedkomande som har klart å kome seg inn i klatrehallen. Dette delvis på grunn av den nedsenkbare veggen som skiller klatrehallen frå resten av Ørstahallen. Dvs der er ein sjans for at barn eller voksne utan opplæring kan klare å kome seg inn i hallen, og då evt bruke autobelay utan tilsyn.
Hengelås kunne ha vore eit alternativ, men koder og nøklar kan fort bli allemanseige. Vi har tenkt gjennom ein del andre alternativ, men ikkje landa på noko.
I tillegg er det ein del alvorlege ulykker knytta til (feil) bruk av autobelay. Dei fleste fordi ein kanskje er aleine og ikkje har nokon til å utføre kameratsjekk som ein vanlegvis ville ha gjort. Sjølv den mest erfarne kan gjere feil.
SKK er opptekne av sikkerheit til våre medlemmer og punkta ovanfor skaper oss litt hovudbry. Vi vil forsikre oss om at vi har tenkt gjennom dei moglegheitene vi har, før vi går til innkjøp av autobelay.
Vi skal vurdere autobelay i klatrehallen i Volda, kanskje er lokala der betre egna for dette, men det er for tidleg til å seie noko konkret om dette.
Vi håpar dette forklarar litt kvifor vi ikkje har kjøpt inn autobelay enda, og vi tek gjerne imot tips og forslag dersom nokon sit inne med ei genial løysing.
– Styret i SKK