Alle gode ting er tre

I oktober 2018 publiserte eg to artiklar om tradklatring i Kvanndalen.
Eg, som monge andre, har lagt merke til denne karakteristiske veggen innst inne i dalen rett nord for Appelsinhaugen. Veggen er stor, bratt og lokkar med markante linjer som går heilt til topps. Eg måtte opp!

18.11.2018 var eg opp saman med Stig Petter for å klatre i desse rissa. Målet på denne turen var å gå ruta Blodappelsin men vi forstod fort at vi ikkje klarte å kome langt ettersom vi ikkje hadde med store nok kamkilar. Vi valde då å heller gå ei rute på venstresida av veggen (gul linje) 3tl. 6+. Kven som har gått denne ruta før, er ikkje stadfesta, men det er mogleg Tore har FB her.

22.11.2018 var eg attende saman med Stig Helset og Thomas Riis med nytt mål om å klatre Blodappelsin. Denne gongen hadde eg skaffa fleire store kamkilar og hadde nytt håp om kome til topps. Eg leda 1. tl. (kvit linje) i god stil og tok opp dei to andre. 5-6 meter opp i andre tl. måtte eg snu då vi kom fram til at det ikkje var forsvarleg å fortsette. Vanskeleg klatring og temperaturar ned mot null satt ein stoppar og vi rappa av veggen.

3.10.2020 var eg attende med Stig Petter for å prøve på ny. Denne gongen hadde vi med oss fleire store kamkilar. 4 stk. 6, 1 stk. 5, 1 stk. 4, 3 stk. 3 og ein del andre kammar av mindre sort. Racket vog til saman 8kg!
Eg leda opp første taulengd og tok opp SP til standplass.
I andre tl. leda eg opp til ein utoverhengande Offwidth, så stor at sjølv 6er kam vart for liten. I tillegg til dette var her ein diger mose i risset som delvis blokkerte for vidare passasje. Det førte til eksponert klatring på framsida av offwidth’en. Dette vart starten på ein lang og tung seksjon med veldig teknisk rissklatring opp til standplass. Denne klatringa var bratt, tung og tidvis desperat. Alle kammane vi tok med vart brukt i denne taulengden. Toppen var enkel å klatre og var også ein del kortare. Alle taulengdene vart leda i god stil / fri.
1. tl 6+ offwidth 30m. 2. tl. 7 offwidth 35m. 3. tl. 3+ 25m.

Tips til andre som vil gå denne ruta. Ta med micro traxion for heising. Retur på denne veggen er walkdown ned innste-renna, noko som betyr at sekkane må vere med opp. Vi hadde med ein 60m lang tagline 6mm som vi kobla til sekkane på bakken. Desse heisa eg opp på andre standplass.
Om du har større kamkilar enn 6 kan det være ein fordel og ha med 1 stk. 8 BD cam. Offwidthen er stor.
SKK kjøpte for mange år tilbake inn ein kamkile str. 6 og to stk Trango Big Bro tube Chocks. Desse kan alle låne og bruke. Pr. no er det eg som har desse. Om dei ikkje vert flytta til hallen er det i alle fall mogleg å ta kontakt med meg om du vil låne.

Oversikt over rutene er teikna inn i ein gammal førar laga av Stig Endre Moe. Originalt er Blodappelsin gradert 7-A0. Men den ruta går til venstre i starten og ikkje opp i offwidth-risset på høgre side, der vi no klatra. Noko som betyr at vi har klatra ein ny variant i starten. Rutene går i hop etter dette og deler naturligvis stand. Stig Endre topptaua på andre taulengd for mange år tilbake, men konkluderte med at det ikkje var gjennomførbart. Dette vil i grunnen seie at denne ruta er ei ny bestigning og ikkje berre ein FFB.
Om dette stemmer vil eg kalle denne ruta for «Appelsinveggen direkte» kvit merking på første bilde.


Alle gode ting er tre og vi kan endeleg legge dette prosjektet bak oss. Men dette betyr ikkje at det er over. Er det noko eg har lært meg i denne sporten så er at vi aldri sluttar, vi fortset.


Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *