Ørstahallen

Etter mange dugnadstimar nærmar vi oss klare i Ørstahallen.
Neste veke held vi ope tysdag og torsdag for alle som ønsker å klatre og buldre, store som små. 
Alle er velkomne, her er verken nedre eller øvre aldersgrenser.

Tidspunkta er:

Tysdag 17.00-21.00
Torsdag 17.00-21.00

Det vil vere vakter til stades, så du kan kome også om du er heilt utan klatreerfaring. Vaktene hjelper deg gjerne.

Når det gjeld nøkkelkort: dei vert produsert i neste veke, noko som tydar på at korta truleg vil vere klare mot slutten av veka. For å kunne få nøkkelkort, må treningsavgifta vere betalt. Ein må ha brattkort.

Opningstider for medlemmar er:

Måndag-fredag: 08.00-22.00
Laurdag: 10.00-19.00
Søndag: 10.00-20.00

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

3 svar til Ørstahallen

  1. Bjørn Paulen seier:

    Hei.
    Eg tok brattkort i klatresiloen i Volda for nokre år sidan.
    Har mista kortet.
    Må eg ta nytt brattkortkurs, eller er det mulig å få et nytt utan nytt kurs.

  2. Bjørn Holstad seier:

    Er det ope for klatring i Ørstahallen på
    Tirsdagar i sommar?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *