Våt samling

I år hadde styret blinka ut siste helga i august for Molladalssamling, i håp om å få til eit stortreff. Strategien såg lenge ut til å lykkast, for både studentar, dæmma-guttar og lokisar hadde meldt sin tilkomst til denne samlinga.

Aug_2007_176

Åsmund Vaage leiar siste s-risset på Iriss

Vi starta med friskt mot frå Melbøsetra fredag i middagstida, under ein lettskya himmel. På teltplassen var det berre sauer, så vi tok den beste plassen og rigga for klatring.Vi kunne også fritt velje linje i dei folketomme veggane, og valet fall på eit tørt og innbydande Krutt-tårn.

Etter ein fin dag i veggen, møtte vi fire håpefulle klatrarar som kom opp i teltleiren utpå kveldinga. Det blei ein koseleg seinfredag, bortsett frå at regnet kom i lag med dei nyankomne og fortsette med uforminska styrke gjennom heile natta og neste morgon. Dermed returnerte heile gjengen og samlinga var over før ho var skikkeleg i gong, og det var for så vidt like greitt, sidan regnet framleis høljar ned no seint søndag ettermiddag.

 

av Stig, Volda 26/08/07, kl 17:12

 

Dette innlegget vart lagt inn i Overført frå SKK-nytt.com, Sunnmørsk Klatreklubb med merkelappane , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *