Referat frå årsmøte 2009

Referat frå årsmøte i Sunnmørsk Klatreklubb 2009
Stad/dato:
Standalshytta 28.11.2009.

Delatakande: 4 medlemer.

Møtet sett kl. 20.00

standalhytta

1. Godkjenning av innkalling og sakliste. Innkalling og sakliste blei godkjend.

2. Val av ordstyrar, skrivar og protokollunderskrivarar.

Ordstyrar: Leif Strand.

Skrivar: Stig Helset.

Protokollunderskrivarar: Sindre Dimmen og Kamil Vavrousek.

3. Årsmelding SKK/KIV. Leif Strand las opp felles årsmelding. Ingen merknader.

4. Rekneskap.

Stig Helset gjekk gjennom hovudpunkta i rekneskapen. Bjarte Staurset har vore kasserer og Gunnar Eikrem revisor. Det er framleis to separate rekneskap for SKK og KIV. På årsmøtet 2008 blei det lagt fram forslag om å slå saman dei to rekneskapane. Årsmøtet 2009 stemde einstemmig ned dette framlegget. SKK hadde eit resultat på 516 kr før ekstraordinære postar, og ei utgåande behaldning på 24 714,75 kr medan KIV hadde eit resultat før ekstraordinære postar på – 25 437,53 kr og ei utgåande behaldning på 139 241,35 kr.

Årsmøtet 2008 gjorde nokre vedtak for å betre resultata for SKK. Det var å auke medlemskontingenten frå 120 kr til 150 kr, i tillegg til at SKK berre betaler grunnleiga ved arrangement på Standalshytta. Med desse grepa ser det ut til SKK så vidt går i balanse for 2008-2009. Derimot går KIV med kraftig underskot i same periode. På bakgrunn av desse resultata vedtok årsmøtet følgjande tiltak for å få rekneskapen i balanse:

a) Styret skal arbeide for å få tidlegare SKK-medlemer til å betale kontingenten på 150 kr.

b) Styremedlemer og silovakter frå framleis fri tilgong til klatresiloen, men alle må betale 150 kr for SKK-medlemskap.

c) Dersom medlemer ynskjer å gjere innkjøp til klubben, må ein rette ein skriftleg søknad til styret. Styret må avgjere om klubben skal støtte innkjøpet i kvar einskild sak. Unntaket frå denne regelen er løpande utgifter til vedlikehald av (utstyr til) klatresiloen. Her har siloansvarleg høve til å gjere naudsynte innkjøp.

d) Styret vil arbeide for å luke bort gratispassasjerar frå KIV. Mykje tyder på at mange klatrar i siloen med lånte nøkkelkort, utan å vere medlem og utan å betale eingongsavgifter. M.a. vil ein byte ut nøkkelkorta frå 1.1.2010, der dei nye korta vil bli nummererte og knytte til eitt namn. Dei som kan vise til betalt årsavgift for 2009/2010, og som har kort, vil få eit nytt kort vederlagsfritt. Dei som kan vise til betalt årsavgift for 2009/2010, men ikkje har kort, vil få eit kort mot eit depositum på kr. 300. Dei som har betalt årsavgift for 2008/2009, og som har kort, vil få behalde kortet mot å betale halvårsavgift for 2010. Dersom dei ikkje ynskjer å vere medlem lenger, kan dei få att depositumet på kr. 300 mot å levere inn kortet. Alle andre kort blir f.o.m. 1.1.2010 rekna som verdilause.

e) Pris på leige av klatresko i siloen vil f.o.m. 1.1.2010 vere kr. 20 per økt.

5. Ola-selet. Ingen rapport eller kommentar.

6. Val.

Ingen av medlemene i valkomiteen, Åsmund Vaage og Stig Endre Moe, hadde høve til å stille på årsmøtet. Men dei hadde lagt fram følgjande framlegg:

Leiar: Stig Helset (1 år).

Styremedlemer: Sivert Vågen (1år)

Leif Strand (2 år)

Sindre Dimmen (1 år)

Torbjørn Noreide (2 år)

Øyvind Festø (1 år)

Opning for benkeforslag (2 år).

Varamedlemer: Reidun Flem og Kjetil Solbakken.

Revisor: Gunnar Eikrem.

Valnemnd: Kåre Myrene og Bjarte Staurset.

Etter ein del diskusjon, der ein mellom anna kom fram til at Sivert Vågen burde gå ut av styret fordi han har flytta til Nord-Noreg, vedtok årsmøtet einstemmig følgjande styre:

Leiar: Stig Helset (1 år).

Styremedlemer: Leif Strand (2 år)

Sindre Dimmen (1 år)

Torbjørn Noreide (2 år)

Øyvind Festø (1 år)

Kjetil Solbakken (2 år).

Andreas Hoff Norvik (2 år).

Varamedlemer: Reidun Flem og Per Øyvind Johansen.

Revisor: Gunnar Eikrem.

Valnemnd: Kåre Myrene og Bjarte Staurset.

Styret konstituerer seg sjølv på første styremøte etter årsmøtet.

7. Ymse. Her kom det berre opp lause tema som eventuelt vil bli handsama av styret.

Referent: Stig Helset. Protokollunderskrivarar: Sindre Dimmen og Kamil Vavrousek

av Helge, Volda 21/01/10, kl 18:06

Dette innlegget vart lagt inn i Overført frå SKK-nytt.com, Sunnmørsk Klatreklubb med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *