Molladals-samling !

 Eit høgdepunkt i SKK-året er Molladals-samlinga. I 2008 satsar vi på ei helg i august: 30. – 31.august

molladalstindane

Værmessig er samlinga ein risikosport, men vi satsar for fullt og håper at værgudane (dersom dei fins) er på vår side.

Samlinga er i ein lang tradisjon, og det meste vert som før. Det vil vere folk frå SKK-styret tilstade som «vertskap».

Det vert ikkje «pakketur med turleiar». Dette er ei samling, dvs folk med felles interesse for klatring som møtes på same stad på same tid, og sjølv er ansvarleg for turen. Nokre vil kome med klatrepartnar, nokre vil ta med utstyr uten partnar og satse på å finne einkvan å klatre med. Det vil som regel ordne seg.

SKK vil prøve å ordne eit stor-telt slik at det er ein felles møteplass på kvelden til røling og nyting av medbrakt leskedrikk.

av Leif, 12/06/08, kl 22:06

 

Dette innlegget vart lagt inn i Overført frå SKK-nytt.com, Sunnmørsk Klatreklubb med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *