Den 7 juni 2006 slutta livet til Olav Helset etter lang tids sjukdom. I meir enn 50 av sine 79 år hadde Olav eit aktivt forhold til fjell og klatring på Sunnmøre, sommar som vinter.
Olav var medlem både i Norsk Tindeklub og Sunnmørsk klatreklubb. Klatremiljøet har mista ein stødig og dyktig fjellklatrar. Familien har mista ein alltid blid og positiv ektemann, far og bestefar.
Olav sa ikkje alltid sa så mykje, men han hadde det lune smilet sitt på lur, og veremåten hans spreidde meir glede og varme enn tusen ord. Han var ein rolig og sindig kamerat som ein alltid kunne stole på i alle hellingsvinklar og under alle føreforhold. Med sin underfundige humor var det alltid kjekt å vere på tur med Olav. Borna var gjerne med på tur, ikkje under press, men gjennom tilrettelegging av varierte aktivitetar i naturen. Skeiseturar på tilfrosne vatn var like gjevt som ein setretur.
Odelsguten frå Bjørkedalen levde sitt mest aktive tindeliv etter at han flytta til Ørsta i 35-årsalderen. Gjennom jobben som landmålar fikk han oppdrag som guide då Norges Geografiske Oppmåling skulle merke av dei sunnmørske fjelltoppane. Men interessa for dei vakraste og brattaste fjella var ikkje berre å nå opp til varden, han klatra nye ruter frå alle himmelretningar. Dette var mellom 1955 og 1965, ei pionertid for vinterbestigningar på Nordvestlandet. Flest tindeturar gjorde han saman med Dagfinn Hovden, mellom anna første vinterbestigning av Romedalstinden og Nøvedalstinden. Sjølv hadde eg gleda av å vere med Olav som 60-åring til Skårakongen, han hadde då framleis full kontroll på kroppsrapell og gamle sikringsteknikkar.
Sommarturar til Hurrungane vart det mange av. Her var Olav godt kjend med tindehistoria og alle klassiske ruter. Med stor respekt og innanfor trygge rammer repeterte han mellom anna dei fleste klassiske linjene på Storen.
Ein kunne aldri høyre Olav skryte av sine eigne bragder i fjellet. Men han etterlet seg tre fullskrivne notatbøker der han med sirleg handskrift skildra turane han hadde vore på i fjellet. Dette er sterk lesning som kan få alle og einkvar til å sperre augene opp.
Tre viktig kjenneteikn ved Olav var soltilbedaren, fjellmannen og matematikaren. Han gledde seg over naturen og naturvitenskapen. Han gikk aldri fram på brautande vis, han berre var der. Denne harmonien ser vi så tydeleg på bildet frå skaret ved Søre Dyrhaugstind, der han og Storen ser på kvarandre med gjensidig tryggheit og respekt.
Helge Standal