Klubbtur til Melkevollen og Beachen

No i helga 5.-7. juni vert det buldre- og klatretur til to felt som tidlegare er kåra til svært gode felt for både buldring og klatring. Beachen skal visst vere det 28. beste sportsfeltet i verda, og om det stemmer eller ikkje er turen dit verdt det! Det er ein fantastisk plass, med mange fine ruter frå 5-talet og oppover. Buldringa på Melkevoll Bretun var i si tid den beste i landet. Dei aller fleste buldera har godt tilrettelagte landingar – flatt og fint.

Foto: Mads Bjørngaard

Lauseleg plan:

Felles avreise frå klatresiloen i Volda klokka 17.00.
Fredag tenkjer me å nytte til buldring på Melkevoll Bretun sidan vêret då skal vere godt. Laurdagen samlar me oss om Beachen sidan der er tørt også i regnvær (meldt litt regn). Vêrmeldingane blir berre betre og betre jo nærare vi kjem helga, så grip sjangsen å hiv dykk med!

buldrestinus

Fin buldring for alt frå nybyrjarar til avanserte på Melkevollen

Overnatting

  • Fredag til laurdag:
    Telting ved Lovatnet (Pris: rundt 50 kr)
  • Laurdag til søndag:
    Val 1: Overnatte i steinalderhola på Melkevoll Bretun (110 kr) – her kan du sjå hola
    Val 2: Overnatte i telt på Melkevoll Bretun (110+30 kr per pers)
    Val 3: Leige av hytte på Melkevoll Bretun (250-650,- + 50 kr pr pers–>så rundt 100-150 kr)

Det er ikkje lov å campe på Beachen, så det bør me unngå. Me håper at flest mogleg vil vere med å sove i steinalderhola natt til søndag. Der er plass til 25 overnattingsgjestar og er veldig sosialt. Den må bookast på førehand, så send ei melding til Rune Slenes om du vil ha ein plass der på telefon: 47 63 91 41

Parkering

Ved buldring på Melkevoll Bretun når ein ikkje bur på campingen må ein betale parkeringsavgift. 50 kr for 6 timar. Ein får då tilgong til fleire av fasilitetane deira, som toalett.

Me tek turen og håpar på god stemning!

Dette innlegget vart lagt inn i Sunnmørsk Klatreklubb med merkelappane , , , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *