Innkalling til årsmøte 2015

 

Sunnmørsk Klatreklubb kallar inn til årsmøte tysdag 19. mai kl. 19.00. Stad kjem vi tilbake til.

Saker som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet (05.05.15). Saker sendast til kontakt(alfakrøll)sunnmorsk-klatreklubb.no.

Fullstendig sakliste og andre naudsynte saksdokument vert tilgjengeleg for medlemmane seinast ei veke før årsmøtet (12.05.15). Dette vert lagt ut på nettsida (www.sunnmorsk-klatreklubb.no) etter at styret har handsama innkomne saker.

Årsmøtet skal:

1. Godkjenne innkallinga, saklista og møtereglane
2. Velje dirigent, referent og 2 medlemer til å skrive under protokollen
3. Handsame SKK si årsmelding, og handsame rekneskapen i revidert stand
4. Handsame forslag og saker

Alle med gyldig medlemskap har stemmerett.

Dette innlegget vart lagt inn i Sunnmørsk Klatreklubb med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *