Brattkortkurs februar og mars

SKK arrangerer kurs for nye klatrar som ønskjer å ta brattkortet. Vi held eitt kurs i februar og eitt i mars.

Kursdatoar:

  • 08 og 10 februar klokka 16.30-22.30 (Instruktørar: Sindre Dimmen og Martine Olsen)
  • 02. og 04. mars. klokka 16.30 – 22.30. (Instruktørar Jørn Håskjold og Ida Johanne Ringdal Johnsen)

Brattkortet er eit kurs i sikker sikring og klatring, og er påkrevd «sertifikat» for å sikre nokon innandørs.Kurset varar i 12 timar (2 dagar à 6t). I tillegg får du 2t oppfølging med instruktør i forkant av sjølve brattkortprøva.


PÅMELDING:
Send mail til kontakt@gammel.sunnmorsk-klatreklubb.no/ med «Påmelding – Brattkortkurs» i emnefeltet og fortell kva dato du vil gå kurs, samt namn, telefonnr og fødselsdato.

Gåvekort? Skriv det i mailen!

12 plassar.

Kurset kostar 1.500,- som betalast via Vipps eller kontant første kursdag.

Kursstad: Klatrehallen i Ørsta.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Kan medlemmar ta med seg ikkje medlemmar til klatrehallane?

Vi opplever det kjem ein del spørsmål rundt det om det er lov å ta med seg ikkje medlemmar til klatrehallane i jula.

Vi håpar dette bidrar til oppklaring i reglane:

  • Medlemmar med betalt treningsavgift og nøkkelkort kan ta med seg gjestar som ikkje er medlemmar mot at dei betalar drop in pris og signerer ansvarserklæring. Vertskapsmedlemet har då ansvar for gjesten. Dvs at dei betalar for seg, har gyldig brattkort dersom dei skal sikre osv.
  • Dette gjelder også i jula, og det gjelder både Ørstahallen og Voldahallen

Klatrehallen i Ørsta har ein maksimal kapasitet på 50 personar

Klatrehallen i Volda har ein maksimal kapasitet på 30 personar.

Hugs å booke tid for klatring på forhand, og følg smittevernsreglane.

God jul!

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Blåfjellet, påminning:

Klatrevener,

Etter Tommy-boka kom, har klatreaktivitet auka på Blåfjell / Hide.

Grunneigar har ingen ting i mot dette.
Men – trass i etablert A-stige over utmarksgjerdet, kliv klatrar gjerdet og trakkar det ned.

Dei driv med sauder på Hide-garden, utmarksgjerdet er der for å halde saudene på rett plass. Dette må vi respektere og vise omsyn til!

Så – på vegner av Hide-garden oppmodar eg – på nytt – til å bruke A-stigen. Den står rett ved kufella ved bussnuplassen og er lett å sjå!

Tore Lundberg

Moltustranda

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Kåring buldrebord!

Buldrebord 2020 er avslutta, og vi vil gjerne takke alle som har deltatt! Utruleg kjekt å sjå at folk engasjerar seg.

Vi kårar 1, 2 og 3. plass i følgande klasser: barn, junior, dame og herre.

Premiar:

Dame, herre og junior:

  • 1 plass: gåvekort sport1
  • 2 plass: kalkpose frå Upscale
  • 3 plass: kalk frå black diamond.

Barn:

  • 1 plass: gåvekort sport1+ kalkpose
  • 2 plass: kalkpose
  • 3 plass: kalkpose

Vinnarane

Dame:

  • 1 plass: Kaja Øydgard
  • 2 plass: Trude Carlsen
  • 3 plass: Emma Larsson

Herre:

  • 1 plass: Jon Hjorthaug
  • 2 plass: Thomas Kleinrath
  • 3 plass: Jacob Stærk

Junior:

  • 1 plass: Sigbjørn Fonseca
  • 2 plass: Sondre Haram
  • 3 plass: Sigurd Øye Færøy

Barn:

  • 1 plass: Ingvill Kleinrath
  • 2 plass: Hallvard Fonseca
  • 3 plass: Mari Fonseca

I tillegg har vi ein overraskelse, ein forundringspakke frå Sport1, som vi gir til ein tilfeldig vinnar. Denne personen vart Lisa Garden! Gratulerer!

God jul til alle våre medlemmar! Ta vare på kvarandre!

Vi kontaktar vinnarane for utdeling av premiar.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Viktig informasjon! Bookingsystem


VIKTIG INFORMASJON:

Sunnmørsk Klatreklubb innfører bookingsystem for Klatrehallen i Ørsta og klatrehallen i Volda. Alle som ønsker å klatre må difor no bestille plass. Dette er eit smitteverntiltak og dermed midlertidig.

Obs!! Klatrehallen i Volda er KUN open for medlemmar. Hallen opnar for drop in på nyåret.

Minner om at alle må registrere seg i boka ved ankomst og signere ut ved avreise.

Lenke til bookingsystem:

https://sunnmrskklatreklubb.makeplans.no/

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel