Kjetil Leknes og Karl Henning Kalvø klatra toppdiederet på Katarsiss, Kruttårnet, mandag 9/8. Lengda vart gått i fransk, fri stil.
Dei brukte 1 stk Camalot nr 4 tre meter oppe i diederet, traverserte så ut til risset som startar midt på svaplata, sikra med TCU nederst der og fekk så dratt seg oppover til der risset blir djupare og bedre sikra. Deretter lettare friklatring opp til ankeret.
«Gjekk det ikkje heilt i fri , men vil nok anslå at graderinga ligg på 7-talet ein plass. Eit tungt flytt for å etablere seg oppe i diederet, vil anslå det til 7-, så kjeme kneika som er flyttet over svaplata og å etablere seg oppe i risset. Personleg vil eg gradere det til grad 7.
Ein må ha ein Camalot nr 5 for å få sikra akseptabelt i diederet før ein tar til på traversen, då fallpotensialet er stort – tynne lister til fingrane og smøring til beina.
Risset vidare opp er nok klatring på grad 6.»
Dette melder Kjetil Leknes på e-post idag.
av Helge, Volda 12/08/04, kl 23:05