Molladalssamling 2004

Jau, det blei klatresamling i Molladalen i år også – om enn med svært labert frammøte…

Clifton

… for då underteikna og Bjarte kom opp i dalen seint laurdag kveld, var det ingen klatrarar der; berre nokre fotturistar som telta. Veret var ikkje verre enn at vi la att teltet i bilen og la oss under Reiulf, så det kan knapt få skulda for det låge frammøtet.

Søndag vakna vi til skyfri himmel og strålande sol, og på Clifton var friksjonen god, sjølv om det kom litt skyer og skodde utover ettermiddagen. Når vi kom ned frå Trekkspelveggen, høyrde vi eit par personar som klatra i skodda på Raudetårnet. Elles korkje såg eller høyrde vi nokon klatarar. Mao. må dette ha vore den dårlegaste Molladalssamlinga sidan det året Tore L. møtte fram åleine – vel å merke for alle dei som ikkje var der.

av Stig, Volda 28/06/04, kl 13:08

 

Dette innlegget vart lagt inn i Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *