Tysdag 14. februar vitja vi Mannen. Som for nabotoppen Kjeringa, består mesteparten av denne bestigninga på vinteren av ein fin skitur opp frå Romedalen, men dei siste 100 høgdemeterane byr på litt alpinissimus.
For å kome heilt opp kan ein gå opp i det lågaste skaret mellom fortoppen i aust og sjølve hovudtoppen, for så å følgje den noko luftige egga til topps. Dette har så vidt underteikna kjenner til vore gjort iallfall ein gong, gjerne fleire gonger tidlegare. Det finst og ryggar/egger frå nordaust og sørvest som har blitt gått tidlegare. Vi valde det vi trur ei ny linje, i sørveggen av Mannen. Denne ruta innebar stegjarnstrakking i om lag 50 grader relativt god snø, med to opptak på brattare is på høvesvis 10 og 5 meter.
av Stig, Volda 15/02/06, kl 00:47