Den 30. januar blir det lysbiletesamling på Standalshytta. Hovudframsynar blir Bjarte Bø, som vil vise bilete frå Trango-ekspedisjonen 2008.
Lysbileteframsyninga vil verte eit internarrangement for medlemer av SKK og andre aktive klatrarar. Dette for å få til ei inspirerande samling med opning for spørsmål og dialog. Det er ynskjeleg at dei frammøtte også syner eigne bilete.
Ta med mat og drikke. Overnatting er mogeleg for dei som ynskjer det.
Pris for framsyning: 200 kr.
Pris for framsyning og overnatting: 300 kr.
Framsyninga tek til kl. 20.00.