Klatresamling i Austefjorden

Laurdag 19. juni arrangerer SKK klatresamling i Austefjorden.

Representantar frå styret vil vere på staden frå kl 12. Basecamp vil bli lagt i området mellom Øvstefeltet og Nye Øvstefeltet / Ullalandshammaren. Vi ynskjer både gamle og unge, røynde og mindre røynde klatrarar velkomne til klatring i alle vanskegrader.

I Øvstefeltet vil det bli lagt opp topptau, slik at også dei med mindre erfaring kan få prøve seg. Utetter kvelden legg vi opp til grilling (ta med mat og drikke) og teltovernatting, og det kan sjølvsagt bli klatring også på søndagen.
07/06/10 av Stig, Volda

Dette innlegget vart lagt inn i Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *