Dass i Molladalen?

Dei fleste steinar i Molladalen har ei blekkboks eller ein mannskit under seg. Spørsmålet om dritar var tatt opp i førre tusenår, og det blir vel ikkje mindre aktuelt i noverande og neste tusenår?

utedo2

 

Sidan dalen er eit landskapsvernområde må ein søke om spesielt løyve (ikkje nok med vanleg byggemelding). Dvs at Fylkesmannen må godkjenne opplegget i tillegg til kommunen.

Gunnar Wangen i Ørsta kommune har orientert meg slik:

«Søknad må sendast kommunen, og vi vil nok høyre fylket sitt syn i samband med handsaming av saka. Ut frå gjeldande regelverk kan det vere at det må betalast gebyr for handsaminga. Det kan vere lurt om vi vert kontakta nærare i samband med utforminga av ein evt. søknad. Det bør gjerast greie for behovet, (grunngjeving). Utforming og plassering må omtalast, og ikkje minst må tilsyn, ansvar og «drift» vere gjennomtenkt.»

Om klatreklubben skal engasjere seg i dette, så trur eg det bør gjerast i samarbeid med ÅST og ev Ørsta turlag.

Eg trur også det bør gjerast i form av eit prøveprosjekt på f. eks 3 eller 5 år. Då er det lettare å få løyve, og ein får erfaring med drifta.

For det er nok tøminga som blir det minst heppelege. Kven melder seg frivillig?

Ein må vel ha ei ordning med å ta heile dassen ned i bygda med helikopter kvar haust?

Kommenter gjerne på bloggen eller skriv eit lengre innlegg og send det i e-post til SKK asmund.vaage@gmail.com for publisering.

Dass med helikopterkrok på taket, eller ein sånn?

av Helge, Volda 19/12/05, kl 17:55

Dette innlegget vart lagt inn i Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *