Alpin rundtur

Vassdalstinden_www_kopi


Her kjem eit framlegg til ein rundtur med alle tenkelege alpine ingrediensar, og det så og seie midt i Ørsta sentrum. Her er skigåing, is- og stundom miksklatring, fabelaktig utsyn og sist, men ikkje minst; seriøs skikøyring.

Som biletet avslører, talar vi no Vassdalstinden – eit av få fjell på Sunnmøre som verkeleg er alpint uansett kva side du ser det frå.

Rundturopplegget startar med skitur frå Nupen i Ørsta sentrum i retning Vassdalsskaret. På veg mot Vassdalsskaret, tek ein av bratt oppover mot toppen i ein av renneformasjonane som leier opp mot toppen. Det kan ofte vere vanskeleg å vite kva for linje ein skal velje, sidan ein misser oversynet etter kvart som ein kjem tett inn på massivet.

Sjølv valde eg renna i midten (raud linje), noko som innebar 10 meter halvbratt is i starten, 15 meter bratt is i midtpartiet og og 30 meter is og snø like før toppen.

Renna eitt hakk til høgre (blå linje) er nok enklare, sjølv om ho har same utsteg på toppen. På dagar med ekstremt godt skiføre og tilsvarande liten rasfare, kan nok gode skikøyarar også ta seg ned denne linja, som truleg har ei helling på om lag 45 grader, iallfall om dei øksar seg ned dei første 30 metrane frå toppen.

Eg valde derimot å køyre ned frå toppen i normalrenna på motsett side av massivet, ned mot Bukkedalen. Men vel nede denne, spende eg av meg skia og bar dei opp skaret på nordsida av Vassdalstinden. Frå dette skaret kan ein køyre ei flott renne (grøn linje) ned mot Vassdalsskaret, før ein returnerer ned Nupadalen.

av Stig, Volda 18/03/06, kl 21:20

Dette innlegget vart lagt inn i Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *