Hesteskohelvete 2017

Fredag 15 september arrangerte SKK Hesteskohelvete for andre gong. Grunna ustabilt vær, blei dei første av dei 24 timane litt amputert fredagen. Men ved laurdagens anmarsj hadde skyene rent bort, og klatrarane kraup fram. Heile 8 stk. var i sving i veggen denne dagen, og hovudsakleg i Norangsdalen.

Årets vinnarar blei Kamil Vavrousek og Kirsi Räty. Desse fekk høvesvis 1000,- i gåvekort, som blei overrekt i semihøgtidleg seremoni rundt bålet i Kapteinskvia på Sæbø. SKK nytta også høvet til takke Kjetil Solbakken for arbeidet han har lagt ned for Sunnmørsk Klatreklubb opp gjennom dei 20+ åra han har vore med. Dette blei markert med ein eksklusiv SKK Houdini hettegenser. One of a kind! Både genser og mann. Takk takk, Kjetil.

Vi håpar at fleire blir med neste år for å konkurrere om neste års gåvekort.

  

 

Dette innlegget vart lagt inn i klatresamlinger, Konkurranseklatring. Bokmerk fastlenkja.