Da nærmar det seg eit nytt år og vi i Sunnmørsk klatreklubb
ser fram mot opning av den nye fleirbrukshallen i Ørsta.
I det høvet ønsker vi å informere om nye prisar på
treningsavgift frå 01.01.2019 og anna nyttig informasjon.
Offisiell opning av hallen blir 26. og 27. januar, da vil klubben
stille med vakter, og det er mogleg for å kome og prøve den
nye veggen. Vi har enno ikkje fått ein konkret dato av
kommunen for når vi kan starte ordinær drift, og veit derfor
ikkje når medlemmane kan kome og klatre. Foreløpig ligg det
ann til at medlemmar som har brattkort og betalt
treningsavgift, kan starte opp frå rundt 1. februar. Det vil
vere full tilgang i Klatresiloen i Volda fram til vi kan ta i bruk den nye hallen. Etter det blir siloen lagd ned,
klatretak og vegger demontert. Her treng vi dugnadshjelp. Meir info om det vil komme på Facebook og
på heimesida.
Hallen vil være open for medlemmar frå 08.00-22.00. Styret har vore i fleire møter med kommunen der
vi jobbar for å få tilgang til klatreområdet 24/7. Ingen ting er bestemt enno, på kva som blir av
opningstider for medlemmar.
Sunnmørsk klatreklubb vil ha opningstider to dagar per veke frå 17.00-21.00 der vi stiller med vakter.
Familieklatring, tauvegg og buldring vil foregå på same tid.
Hallen i Ørsta held Norgescup-standard for klatring. Det er egen tauvegg, eiget buldreområde og
kurs/familievegg.
Prisar på treningsavgift 2019, inkludert medlemskap i Sunnmørsk klatreklubb.
Årskort: 2900Kr.
Årskort barn:1500Kr.
Årskort familie: 5500Kr.
Halvår: 1750Kr.
Halvår barn: 900Kr.
Halvår familie: 3300Kr.
Drop-in: 100kr. Inkludert lån av utstyr: 130kr.
Drop-in barn: 80kr. Inkludert lån av utstyr: 110kr.
Medlemskap i SKK: 200kr.
Viktig info for å få tilgang til hallen:
For å kunne få nøkkelkort til hallen, for dei som ønsker å klatre utanom opningstidene krevjast det betalt
treningsavgift og brattkort. Har du ikkje gyldig brattkort så vil heller ikkje nøkkelkort leverast ut.
Det vil bli haldt både brattkortkurs og test fram mot opning. For dei som ikkje treng kurs, så må det tas
ein fysisk test der ein viser at ein kan å sikre etter NKF sin standard, før ein får brattkortet.
Her virker det som om siloen er stengt. Det henger en gul plakat på Berte Kanutte-huset som forteller at den er åpen. Kanskje dere kan fixe den av delene som er feil?
Hei!
Eg ønskjer å få meg halvårsmedlemskap, korleis gjer eg det?