1. Bestigning av Urfjellelva ?
19.03 gjekk John Hjorthaug og Jan-Norvald Jønsson Urfjellelva i Stigedalen, vi trur det er ei 1. bestigning.
Fin rute som har ein 30 min og 200 høgdemeter annmarsj.
Når du kjem frå Volda ligg den på høgre side, før du kjem til Stigedalsvatnet.
Vi valde å ta den i 3 naturlege taulengder.
1. taulengde lett og slakk ca 40m
2. taulengde bratt og seriøs klatring ca 40 m
3. taulengde lett og slakk juving 55 m
Ei mulig 4 og kort taulengde til høgre med issøyle
2 taulengde kan ein velge vanskelegheit grad etter ynsje, ser og ut til å vere mulig for mix klatring.
1 taulengde kan soloerast, men vi valde å gå i tau
God is som saug til seg øksene, og med vermeldinga som er no trur eg den vil halde ei stund til, vi anbefaler denne ruta.
av Jan-Norvald, 19/03/06, kl 21:54