”Smørkrisa” – ca 400 høgdemeter

003smrkrisa

1.bestigning av Jan-Norvald Jønsson og Jon Hjorthaug, 05.02.2012

Smørelva ligg opp mot Herdalsætra, ein kjører til Linge tar ferja til Eidsdal og kjører til Norddal, parkerer ved bommen til Herdalsætra, anmarsjen vert då til fots eller på ski ca 3km i slaktterreng på seterveg. ”Smørkrisa” er ein 3 delt trappefoss, der dei bratte partia er ca 70grader. Vi valgte lettaste linjevalg, det var dei to første bratthenga til høgre, og så 5 taulengde løpande ut til venstre, for så å gå mot høgre igjen og opp til toppen. 7.taulengde var transport etappe ut av fossen, samt at vi kryssa elva på toppen mot høgre at i tau, retur opp og bak i dalsøkk, i puddersnø til skrittet .

 019smrkrisa

Antatte Graderinger:

1. Taulengde WI3
2. Taulengde WI2
3. Taulengde WI4 med eit lite punkt WI5
4. Taulengde WI3/4
5. Løpande på mellom forankringer
6. Taulende WI4 men med tidvis dårleg iskvalitet
7. Transportetappe ut

Velger ein å gå rett opp, kan eg tenke meg 5 -6 taulengder à 60m og gradering WI4/WI5 jamt utan om på platåene.
Det er også fleire linjer i dalen der, ei som er ca 70m på 90grader, men med tung anmarsj.

Vi for frå Volda kl 0600 med ferje kl 0700 på festøya og kl 0830 frå Linge, starta å klatre kl 1100, var på toppen ca kl 1800, og tilbake ved bilen ca kl 2030 og tilbake i Volda kl 0100, så det vart ein liten søndagstur og med lite mat ?

Med Vennlig Hilsen
Jan-Norvald Jønsson

027smrkrisa

 

Dette innlegget vart lagt inn i Isklatring, Klatreruter, Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *