Nye ruter ved Hunneset

Det etablerte klatrefeltet på Hunneset har det lokale namnet Stomnen. Sett frå fjorden er Stomnen høgre del av ein halvsirkel av klipper rundt eit skrått skogsområde kalla Bokhylla. Om ein brukar militær orientering og står midt på Bokhylla, ved sjøen, ligg Stomnen kl 3. Hausten 2009 og våren 2010 har det blitt etablert ein del nye ruter i dette området, som vi skildrar nedanfor.

Kl 1 ligg den største klippa: ei diger hole i botnen, over denne ein lys vegg med kjempedieder og overheng til høgre.
Her går rutene (frå venstre mot høgre)
– Bokhylla, 60m, 7+, 7+ (ffb Tore og Åsmund 14.6.10)
– Bokhjørnet, 60m, 6(+), 7- (Tore og Kamil ’09, toppfeste/rapell 5m framom 2 einslege småfure)
– Preikestolen, 30m, 7++ (Tore og Kamil ’09)
– Peikestokken, 30m, 7- (Tore og Åsmund ’09)
– Bokormen, 40m, 7 (Tore og Åsmund ’09, toppfeste/rapell 5m nord om fure med fuglekasse)
– Notisblokka, 20m, 6+, nat (Tore ’10)

Kl 11 ligg ei klippe med «hockey stick»-fure på hylle 5-6 m under toppen (gå ned til hylle/fure frå nord), her ligg
– Bokskapet, 30m, 7-, mix (Tore, Kamil og Audun ’09)

Ein kan også gå ned som for Stomnen, men gå til høgre/nord der ein går skarpt venstre/syd mot Stomnen. Her henge det 2 taustubbar, den oransje er festa ved starten av Bokormen.

av Stig, Volda 15/06/10, kl 09:29

Dette innlegget vart lagt inn i Klatreruter, Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *