Lansering av den nye «Klatreføraren for klippeklatring i Ørsta og Volda

16 September lanserer Sunnmørsk Klatreklubb den nye klatreføraren for klippeklatring i Ørsta og Volda. Med inspirasjon frå eit konsept i «Horseshoe Hell» dalen, blir boka lansert med ein 24 timers klatrekonkurranse. Målet er å klatre flest av rutene i føraren iløp av 24 timar.
 
Reglane er som følgjer:
  • 1000 poeng for kvart felt som blir besøkt.
    •  Dei 1000 poenga vil først bli godkjent når ein har klatra minimum 1 rute på feltet.
  •  Resten av poenga vil tilsvare grada ein klatra (6 poeng for ei 6-/6/6+ rute, 7 poeng for ei 7-/7/7+ rute osb.)
  • I god karneval-stil, vil det det òg bli kåra “Beste Kostyme”
 
Poenggiving/kontroll vil gå etter “gentlemans-agreement” prinsippa.
 
SKK vil starte med boksal kl 17.00 på Sæbø, den 16 September. Då har ein 1 time på seg før startskotet går kl. 18.00.
 
Etter 24 timar, avsluttar vi med fest og grilling i ”Kapteinskvia”, litt forbi Sæbø-ferjekai, den 17 September.
SKK stillar med grillkol.
 
Bli med! Dette blir » Helvetes-morro».
Dette innlegget vart lagt inn i Klatreruter, Konkurranseklatring, Sunnmørsk Klatreklubb. Bokmerk fastlenkja.