2917 m er høgda på det høgste fjellet i Hellas. I september nådde eg for andre gong toppen på dei greske mytegudane sitt fjell i fjellkjeda Olympos. Den høgste av fjellkubbane i toppområdet heiter Mitikas.
Fjellkjeda ligg vel ein times motorvegkøyring vest for Thessaloniki. Frå byen Litihoro køyrde vi opp til 1100 m. På god sti kan du gå opp til Refuge A, ei godt utstyrt fjellhytte på 2100 m. Hytta har bemanning frå ca april til oktober. Alt ølet, vinen og anna proviant og brensel vert transportert opp til hytta med hjelp av ein flokk muldyr.
Vi hadde skodde i desse høgdene, og starta ca 07.30 neste morgon på toppturen. På ca 2600 kom vi over skydekket slik at vi fikk tørt fjell og utsikt under klyvinga i toppområdet. Det vert brukt tau under våte forhold og om vinteren, men det trengde ikkje vi i det alpine toppområdet som krev ca 45 min klyving til topps. Vanskegraden kan samanliknast med Jønshornet.
Nedturen gikk på god sti, men 1800 høgdemeter i eit jafs kjennest i lår og leggar,
Det var i 1977 eg var på toppen sist, saman med Knut Festø. Den gongen i oktober, og vi var åleine under heile fjellturen. Sov under open himmel ved fjellhytta.
Denne gongen var det tur med fruen, og plenty med folk heile vegen. Internasjonalt med folk frå det meste av Europa.
Flott ferietur. Anbefalast.
Dei høgste områda har godt med snø om vinteren, toppen egnar seg også fint til isøks- og stegjernstur.
av Helge, Volda 30/09/05, kl 20:27