Buldretur til Albarracin 27.12.11-10.01.12
Den 27.desember reiste vi, fem unge evntyrlystne menn frå alt som heitte familie og julestemning , til eit land longt longt sør.. Iallefall meir enn longt for ein som underteikna som lid av flyskrekk…
Vi landa i Madrid 27.desember der vi leigde oss bil, ein liten berlingo, som likevel skulle vise seg å vere stor nok til oss fem, med bagasje og fire store «crashpads» (Buldrematter for dei som ikkje er altfor stødige i dei moderne uttrykka). Etter å ha forvilla oss inn i sentrum av Madrid, etter å ha teke feil veg ut av rundkøyringa med atten ulike vegvalg, var vi endeleg på motorvegen, og meldinga frå GPS-dama var ikkje feil å få då: «fortsett rett fram, 18 mil…)
Etter 4.5time var vi framme i Albarracin, byen vi skulle bu i dei neste 2 vekene. Den første natta sov vi i bilen, noko som skulle vise seg og verte ein rimeleg kald fornøyelse. Men minus 8 i Albarracin, som ligg 1300 moh er ikkje uvanleg. Etter at vi hadde sjekka inn på campingen og gjort oss litt kjende i byen, pakka vi sakene å gjorde oss klare for buldringa. Førar vart kjøpt inn og mange klassikarar vi hadde lyst å prøve på 5`ar, 6`ar og 7`ar skalaen vart merka av.
Albarracin har nesten 30 ulike felt innan eit område på omlag 4 km, der vi var innom 11 av dei, og fekk gått 50-60 ruter/problem medan vi var der. Og i motsetning til Font, der det nesten berre er slopes, eller Kjugekull, sør i Sverige der vi var i påska i fjor, som nesten berre har blodkrimparar, har Albarracin alt. Her finn du små lommer i fjellet, alt frå dei heilt små, til digre hol du kan gøyme deg inni, overhengande med små og store lister, store og små sva-problem og legendarisk fine sloper-problem. Eitt av desse sloperproblema var «Megalodon»: 7B, som vi arbeidde eit par dagar med og fekk gått. Megalodon er eit omlag 6 meter longt bulder, med negative tak heile vegen, utanom nest siste taket, som er positivt. Toppen er paddeflat og har lite å feste fingrane på. Her er det heelhooking frå start til slutt, for så å mantle seg opp på toppen. Rett og slett ei nydeleg linje. Ei anna linje som er verdt å nemne, og som også gjorde dette området som den ligg i verdskjend er «Total eclipse»: 7A+. Dette er eit over 6 meter longt takoverheng, rett ut, knappe meteren over bakken, med ørsmå lommer. Eit liknande problem var klassikaren «Gato con Botas»:7A+ som vi var nærme ved å gå. Men her må ein ta ein catch, rett ut under takoverhenget frå ei list i sjølve taket som ikkje er stort større enn halve lisjefingernaglen. Men med riktig informasjon/beta, var vi likevel svært nærme. «Leon»: 7a var også eit slikt takoverheng med små lommer, lister og sloperar vi fekk gått, men med tidenes kjipaste mantling på toppen.
Det som var litt merkeleg der nede, var at dei hadde gradert bulder heilt ned i 1B, som til og med var ein klassikar. Ein annan klassikar av det heilt enkle vi tok, var «La Reina»: 2C, 6 meter høg og med dei velkjende holene i alle moglege størrelsar. Litt psykande(kanskje fordi eg ikkje hadde pad eller nokon som stod å passa på under..), men nydeleg linje. Likevel rart å gradere den nedpå 2`ar talet.
Vi fekk klatra høgt og lavt, prøvt mykje ulike typar problem. Lange linjer, der den lengste eg prøvde var 12 meter overhengande, med heelhook heile vegen på små kjipe lister. Til fantastiske tekniske linjer i både takoverheng, som «Techo don pepo dercha»:7A, til like tekniske svaproblem som «Lartista» : 5C. I føraren for denne står det: «Tecnically briliant climbing». Planen vår, på førehand var at vi skulle ha kvar 3.dag fri, så vi ikkje sleit oss ut. Slik gjekk det ikkje. Sett bort frå dagen vi kom, og dagen vi reiste, hadde vi ein kviledag. Det vil sei, vi hadde 11 dagar med aktiv buldring, og eit gjennomsnitt på 6 timar kvar dag. Det vart mykje, noko fingrane til oss alle kunne vise, men spesielt Halfdan, som la att alle fingeravtrykka sine på Megalodon- 7B og vart sitjande att med blodete fingrar. Men var det verdt det? Ja! Guten gjekk sitt livs hardaste problem hittil. Det hardaste vi fekk gått der nede var 7B, men der var fleire 7B+/C og 7C`ar som vi arbeidde med og trur vi kunne gått, hadde vi vore der ei stund til. Der var også ein 8A, som såg overkomeleg ut. Men etter nesten 2 veker, lite hud, og aldri kome lenger enn til nest siste flyttet, gav eg opp, men også her trur eg den kunne gått med meir arbeid. Men akkurat på denne trur eg, eg hadde ein såkalla «morpho» som spanjolane likte å kalle det, at eg hadde ein fordel av at eg var lang, og kunne gå direkte frå «det gode taket» til krimpen før nest siste taket, og at den då ikkje ville vere så hard som for spanjolar flest.
Per Øyvind og Lars Otto arbeidde med ei linje på Techos 1, eitt av områda. Denne linja heitte «A ciegas» og var gradert 7A+, denne vart etterkvart gått av dei begge to, men for å forklare litt kva som skjedde når PØ (Per Øyvind) gjekk den: Pø hadde arbeidd, som sagt, ganske lenge. Prøvt og feila. Falt ned, ticka(merka av med kalk) på små fot-tak som kanskje kunne hjelpe, pussa og styrt på, for så å støte på ny.. Første flytt…andre flytt.. Eit langt flytt ut med venstrehanda på ei lita slapp list! Sveitten pipla fram frå den tynnslitte huda på fingertuppane.. Kjenner at fingrane glir på taket..Vrir overkroppen over mot venstre, flyttar høgrehanda over på krimpen høgt der oppe. Legg ein hel rundt hjørnet, smører gummien godt inn i dei små sprekkene. Etablerar høgrehanda.. Pustar ut..og inn ..roleg. Så eit raskt, men kontrollert flytt med venstrehanda, rett på det siste taket før toppen, eit herleg negativt tak. Tek tak med begge hendene, slenger ein hel høgt opp over kanten og mantlar seg opp. Klarte det! Men….. Vi som kjenner Pø, veit at om han klarar noko som er tungt, eller han har prøvd på over lengre tid, så går han i ein slags «lukkerus».. Dansar og syng. Og det var nettopp dette som skjedde her og.. Bortsett frå at han kanskje ikkje tenkte på, at han var i Spania, og ikkje i Volda eller ein eller annan annan stad her på Berget… Hadde Pø, berre dansa den velkjende robot/indianar-mixdansen sin og haldt munn, hadde det heile kanskje ikkje vore så flaut, som å faktisk synge…(les: rope ut) « NIIIGGGGAZ IIIIN SPAAAAACE»…. Det tok litt tid, det gjer gjerne det, før han oppdaga kva han hadde ropa ut i skogen, og kika litt lettare febrilsk rundt seg, og møter blikka til eit tjuetals spanjolar som står og ser, noko forvirra, dels irritert tilbake på Pø, som smila eit velkjend usikkert smil tilbake, peikar mot bakken, som i å forsikre alle med det faktum : «sorry..Eg dumma meg ut..Eg går ned..ja, eg skal gå ned».
Til slutt litt om Albarracin og miljøet: Byen vart reist av Berbermuslimar i år 970, og fleire av desse husa og murane står den dag i dag. Sidan 1961 har byen vore på UNESCO si verdsarvliste. Maten vi åt var for det meste ferske olivenbrød, kjøpt hjå ein lokal bakar som baka alt på tradisjonelt vis i steinomn. Utanom brød, gjekk det mykje i ulike ostar og kjøt av villsvin, okse og hjort. På dei lokale restaurantane kunne vi få 3 retters middag, der hovudretten var marinert hjortekjøt, og porsjonen større enn den du et til jul kvart år, til 20 euro.
På den lokale og nyopna buldrebaren, kunne ein til alle tider sjå buldrarar frå heile verda, sitte der med ein kopp americano eller noko anna av den kalde sorten. Men her var også gamle oldeforeldre oppi 80-90 åra og oldebarna deira innom til alle døgnets tider. Det same gjaldt ute i felten, mellom alle buldresteinane. Familiane kom med barnevogn, la ei lita matte på størrelse med ei dørmatte under ein stein, satte barnevogna i skuggen, og mor klatra opp til topps, godt passa på av far. Vi såg også eldre som kom inn mellom steinane, og la ned si velbrukte matte. Stemning!
Lars Otto Lofthus Ose, Halfdan Strømgren, Erlend H. Thorseth, Per Øyvind S. Johansen og Sindre Dimmen