Rotsetrenna m/ isfeltet i toppen vart gått 25/02-07
Jon Hjorthaug og Jan-Norvald gjekk i dag Rotsetrenna. Sjå førar.
Isfelt i 1.taulengde (Wi 3) hadde ei tverrsprekk og hullyd på isen men var heilt grei.
2. til 4. taulengde vart gått sikra med 1 til 2 isskruer. Litt tynne is/snøbruer enkelte stader.
5.taulengde usikra, lett snørenne.
Isfelt (6.-7 taulengde) ut til venstre i toppen,isen var av god kvalitet, så held veret seg så har ein ei lett tilgjengleg isrute utafor stovedøra!
6. taulengde,første 15m (Wi 5), resten + 7. taulengde (Wi 4).
Men kvar enkelt må vurdere forholda nøye!
Skisse av Rotsetrenna.
av Jan-Norvald, 26/02/07, kl 23:56