I løpet av kuldeperioden før og etter nyttår danna det seg uvanleg mange flotte islinjer i regionen, og vi rakk å teste eit par av dei kortare fossefalla.
Problemet med denne kuldeperioden var at det på ei og same tid var supre tilhøve både for pudderkøyring og for isklatring, noko som gjorde det heile til eit spørsmål om prioritering. Ein utruleg situasjon på Sunnmøre!
Etter at kuldeperioden og pudderet var borte, fann vi ut at vi iallfall måtte teste isen medan han enno hang der og tok ferja over til Folkestad.
Ved Kile er det mange flotte vassfall som framleis får renne fritt, og isen var solid nok på dei fleste av dei. Dette er eit område som eignar seg for trening på isklatring, i det her er mange relativt korte fossefall med gode toppforankringar i trestammar. Vi valde linja nærmast riksvegen. Den greidde vi akkurat på ei taulengde.
Vi kunne ha teke fleire i same området, men sidan Åsmund likevel måtte til Nordfjordeid, valde vi å køyre vidare for å sjekke tilhøva i Stigedalen. Her finst det fleire meir seriøse prosjekt, opp mot 4 taulengder med meir eller mindre vertikal is. Desse linjene krev sjølvsagt meir tid og kanskje også meir kompetanse enn vi hadde. Dessutan var dei for tynne, men vatnet renn no der, og kanskje lagar det seg til att. Vi var nøgde med å øve på kortare, men bratte parti. Bilete er frå eit parti like ved riksvegen i toppen av Stigedalen.
av Stig, Volda 11/01/06, kl 23:11