Alpin isklatring

Det var meldt kaldt og klart ver, og gutane rigga opp med fullt israck for å støte på Auget i Saudehornet.

JanFeb_2007_005

Det blei kaldt, men alt anna enn klarver. Men etter to dryge timar i snødrev oppover skålasida, fann vi omsider dei to parallelle isfalla vi var på jakt etter, om lag 200 høgdemeter under Vesttoppen.

Vi valde det vestlegaste isfallet. Etter ei kort taulengde med til dels vertikal is, toppa vi ut til ei heller bratt exit-taulengde som var vanskeleg å sikre i den lause snøen. Skituren ned frå Vesttoppen kunne ha vore veldig fin, om ikkje det hadde vore for den dårlege sikta.

av Stig, Volda 22/02/07, kl 09:48

 

Dette innlegget vart lagt inn i Isklatring, Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *