I helga var ein bra dugnadsgjeng i sving i siloen. Nær alle taka vart skrudde ned, vaska og gnikka reine. Stemninga var god, og oppmøtet av medlemmar (og nokre ikkje-medlemmar) var overraskande bra. Tusen takk for innsatsen til alle som kom innom og hjalp til, vi er veldig takknemlige!
Det står att kun tre ruter frå før, og i løpet av helga vart det skrudd opp 12 nye ruter. Ta turen innom siloen og test dei ut før utesesongen er over oss for fullt!