NY HEIMESIDE

Denne sida fungerer som arkiv for vår tidlegare nettstad. Ny heimeside vart tatt i bruk 13.Januar 2021.

Denne sida vert bevart fordi her ligg mykje informasjon om kva som er gjort med forskjellige klatrefelt, samt mange rapportar frå turar. Vi har ikkje bestemt om desse skal vidareførast til den nye sida, eller om dei skal få bli her på arkivsida. Dette vert bestemt seinare.

Den nye heimesida finn du her: www.sunnmorsk-klatreklubb.no

Takk til Jacob Stærk og Stærk Kommunikation for oppretting av ny heimeside!

Obs! Dei som har gjesteskribent tilgong her må ikkje publisere nye innlegg på denne sida. Send nye innlegg til kontakt@sunnmorsk-klatreklubb.no så postar vi det på vår nye heimeside! Takk.

Mvh

Sunnmørsk klatreklubb.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Klatrehallen i Volda: tauvegg stengt til onsdag 13.01

Tauveggen i Klatrehallen i Volda vert stengt inntil vidare pga vedlikehald. Vi planlegger å stenge av tauveggen frå ikveld 09.01 til onsdag 13.01. Vi beklagar ulempen dette medfører, og vil oppmode medlemmar om å bruke klatrehallen i Ørsta inntil vidare.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Brattkortkurs – april

Kursdato: 12. og 14. april. Kl. 16.30 – 22.30.

SKK arrangerer kurs for nye klatrar som ønskjer å ta Brattkortet. Brattkortet er eit kurs i sikker sikring og klatring, og er påkrevd «sertifikat» for å sikre nokon innandørs.

Kurset varar i 12 timar (2 dagar à 6t). I tillegg får du 2t oppfølging med instruktør i forkant av sjølve brattkortprøva.

PÅMELDING: send mail til kontakt@gammel.sunnmorsk-klatreklubb.no/ med «Påmelding – Brattkortkurs» i emnefeltet og fortell kva dato du vil gå kurs, samt namn, telefonnr og fødselsdato.

Gåvekort? Skriv det i mailen!

6 plassar.

Instruktør er Ida Johanne Ringdal. Kurset kostar 1.500,- som betalast via Vipps eller kontant første kursdag.

Kursstad: Klatrehallen i Ørsta.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Informasjon om nye retningslinjer for smittevern

Etter regjeringa har endra smittevernreglane, vil dette føre til nokre endringar for aktiviteten i hallane til SKK.

ORGANISERT TRENING (GRUPPER)
All organisert aktivitet, herunder ungdomsgruppetrening, kurs o.l., er utsett til etter 18. januar.
Styret kjem med nærare informasjon om oppstart til dei det gjeld

KURS
Alle kurs er utsett til etter 18. januar. Nye datoar vil verte sett og deltakarane informert via e-post.

MEDLEMSKLATRING
Medlemsklatring held fram som før, men med ekstra fokus på gjeldande smittevern. Hugs å booke tid!
https://sunnmrskklatreklubb.makeplans.no/?fbclid=IwAR1FqeYwgTz_lCMvOep01cmOqARMB9bQtjcEZTSaE6IyXJH0-zAcYazEgwQ

DROP-IN

Endring klokka 18.11 den 04.01.20: Vi held stengt for drop in fram til 18 januar. Vi tek ei ny vurdering når datoen nærmar seg, og legg ut informasjon om dette!

Det er framleis drop-in frå og med tysdag 5. januar i Ørstahallen.
– alle må booke tid (sjå eiga lenke)
– framleis uendra maks-antal i hallen
– vakter vil passe på smittevernet
– vaktene sikrar ikkje gjestane

ADGANG ØRSTAHALLEN
Det er pt kun SKK som nyttar Ørstahallen, noko som gjer at vi har eit særskilt ansvar for at kun brukarar av klatrehallen kjem inn ytterdøra. Alle syter for seg sjølve. Ikkje slepp inn nokon, og ha respekt for at andre ikkje slepp deg inn.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Opningstider jul + nyttår

Opningstider klatrehallane til Sunnmørsk Klatreklubb:

Klatrehallen i Volda:

Klatrehallen i Volda vil halde ope alle dagar frå 0600-2400, bortsett frå tysdagar som vil vere stengt. Dette gjeld også i jula.

Klatrehallen i Ørsta:

Klatrehallen i Ørsta vil ha desse opningstidene i jula:
23. desember: 10-22
Julafta: stengt
1. juledag stengt
2. juledag 10-19
27. desember 10-19
28. desember 10-22
29. desember 10-22
30. desember 10-22
Nyttårsafta stengt
1. nyttårsdag stengt
2. januar 10-19
3. januar 10-19

Hugs å booke time for klatring!
https://sunnmrskklatreklubb.makeplans.no/

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel